Overfør medlemskap


Skjema som benyttes for overføring av medlemsnummer: Overføring av medlemsnummer (pdf)

Ved overføring må Ringbo BBL ha attester som beviser slektskap (eks. dåpsattest, fødselsattest, vigselsattest, (u)skifteattest) for alle ledd.
Bekreftelse på slektskap:

  • Foreldre til barn/barn til foreldre - barns dåps-/fødselsattest (foreldres navn må fremgå av dåps-/fødselsattest).
  • Søster/bror til søster/bror - begges dåps-/fødselsattest.
  • Til svigerinne/svoger - begges dåps-/fødselsattest på dem som er søsken, samt vielsesattester.
  • Besteforeldre til barnebarn - dåps-/fødselsattest på den som er i familie med eier av andelen (evt. vielsesattest) samt dåps-/fødselsattest til barnebarn.
  • Ved dødsfall må det fremvises skifte-/uskifteattest samt skriftlig bekreftelse fra alle arvinger.

Lov om Bustadbyggjelag - Kapittel 4. Andelseigarane

I Andelseigarane

  1. Eit bustadbyggjelag skal alltid vere ope for nye andelseigarar. I vedtektene kan det setjast vilkår for å eige andel dersom det er sakleg grunn til det. Alle andelar gir like rettar og plikter i laget, om ikkje anna følgjer av lova her.
  2. Juridiske personar kan vere andelseigarar, om ikkje anna er fastsett i vedtektene. Vedtektene kan setje særlege vilkår for slik medlemskap eller kan overlate til styret å setje vilkår.
  3. Kvar andelseigar kan berre eige ein andel. Juridiske personar kan eige fleire andelar dersom det går fram av vilkår som er fastsette etter andre leddet.
  4. Ein andelseigar i eit tilknytt burettslag kan vere andelseigar i bustadbyggjelaget utan hinder av vedtektene.
  5. Ny andelseigar kan berre utøve sine rettar som andelseigar når ervervet er ført inn i andelseigarboka.
  1. Laget skal ha ei andelseigarbok som skal førast forsvarleg på elektronisk eller anna vis.
  2. I andelseigarboka skal andelseigarane førast inn med opplysningar om namn eller føretaksnamn, fødselsdato eller organisasjonsnummer og adresse.
  3. For kvar andelseigar skal det opplysast om talet på andelar og nummer på andelane.
    Endra med lov 6 juni 2003 nr. 38 (ikr. 1 mars 2004, etter res. 5 sep 2003 nr. 1118, sjå § 13-3 i lova her).
  1. Når ein andelseigar er innført i andelseigarboka, skal laget gi andelseigaren melding om dette.
  2. Meldinga skal daterast og opplyse om det som er innført om andelseigaren. Blir det som er innført endra, skal andelseigaren ha melding om dette.

II Eigarskifte og vilkår for eigarskifte

  1. Ein andel kan ikkje utan samtykke frå laget overførast til andre. Krav om samtykke kan ikkje gjerast gjeldande når andelen går over til ektemake, til andelseigarens eller ektemakens slektning i rett opp- eller nedstigande linje, til fosterbarn som faktisk står i same stilling som livsarving, til sysken eller til nokon annan som i dei to siste åra har høyrt til same husstand som den tidlegare eigaren. Samtykke kan heller ikkje gjerast gjeldande når andelen går over på skifte etter separasjon eller skilsmål, eller når ein husstandsmedlem tek over andelen etter føresegnene i husstandsfellesskapsloven § 3.
  2. Har andelseigaren andel i eit tilknytt burettslag òg, kan andelen i bustadbyggjelaget berre overførast saman med andelen i burettslaget.
  3. Laget kan fastsetje reglar for kva rettar som skal følgje med andelen.
  4. Ved eigarskifte skal den nye andelseigaren straks sende melding til laget.
  1. Ein andelseigar kan utan førehandsvarsel melde seg ut av laget.
  2. Ein andelseigar som har handla til skade for laget, eller som ikkje lenger fyller vilkåra for å vere andelseigar, kan stengjast ute etter vedtak i styret. Andelseigaren kan krevje at styret legg vedtaket fram for generalforsamlinga. Kravet må vere sett fram innan tretti dagar etter at andelseigaren tok mot skriftleg melding med opplysning om utestenginga og om fristen for å krevje vedtaket lagt fram for generalforsamlinga. Kravet har utsetjande verknad.
  3. Ein andelseigar som har andel i eit burettslag tilknytt bustadbyggjelaget, kan ikkje stengjast ute frå laget. Det same gjeld for den som har avtale med bustadbyggjelaget eller annan utbyggjar om overtaking eller teikning av andel i slikt lag, jf. lov om burettslag § 2-13.
  4. Ein andelseigar som melder seg ut av laget eller blir stengd ute etter andre leddet, har ikkje krav på å få tilbake andelssummen eller årspengane. For rett til tilbakebetaling av annan innskotskapital gjeld § 3-1 fjerde ledd. Dersom det etter § 3-1 fjerde ledd ikkje er høve til tilbakebetaling av annan innskotskapital når andelseigaren melder seg ut eller blir utstengd, kan han krevje slik tilbakebetaling dersom vilkåra seinare er oppfylte.
Dersom bustadbyggjelaget ber om det, skal juridiske personar som nemnde i burettslagslova § 4-2 som eig andel i eit tilknytt burettslag, vere med i eit samarbeidsutval for behandling av erverv av andelar og forvaltning av leigeforhold i dei tilknytte burettslaga.